Kven er vi?

paul-og-franka

Konditormeister frå Nederland

Som nederlendarar flest, elskar vi sjokolade. Vi starta Sognefjord Sjokolade som eit prosjekt ved sidan av hyttedrift hausten 2015. Då visste vi ikkje at vi skulle selje Hafslotun kro og hyttesenter og hoppa i dette på fulltid. For ei reise det har vore. No planlegg vi større produksjonslokalar og eigen butikk i Marifjøra.

 

Fascinasjonen for sjokolade har følgt oss sidan vi var barn. Paul er tredje generasjons konditor og vi har saman drevet familiebedrifta «Fransen» i Haarlem, Nederland.

 

At vi landa i Noreg er tilfeldig, men då Paul fekk mjølallergi måtte vi gjere noko nytt. Etter eit kikk på kartet, flytta vi til Haflso i 2004. No sit vi her med ein eigen sjokoladefabrikk i Marifjøra, der vi får leve av vår kunst og lidenskap.

 

Vi er utruleg takksam for all støtte.

 

Paul og Franka Fransen,

oktober 2016