Produksjon

Alt er handlaga

I Sognefjord Sjokolade har vi ingen hemmelegheiter. Det som skil oss frå andre sjokoladeprodusentar, er handverket. Vi nyttar ingen støypeformat, men formar alt for hand. Og då krevst det mykje erfaring.

Dei beste råvarene

Vi nyttar gamlesjokolade oppskrifter frå Nederland, der vi blandar inn lokale råvarer. All vår sjokolade kjem frå Belgia, som har dei beste råvarene i verden.

Vi produserer eit og eit produkt av gongen. Til dømes kan vi laga 4000 pralinar på ein veke, 500 av kvar sort.

Treng meir plass

No må vi flytta produksjonen vår til større lokalar, då etterspørselen er mykje større ann vi trudde då vi starta. Vi er i gong med å planlegga nye lokalar, også dei i Marifjøra.

Vil du smaka sjokoladen vår? Kom innom oss i dagens lokalar på Kafé Marifjøra.